Storhaugen bustadfelt - Ingen opphald på arbeidsplassen

Storhaugen bustadfelt - Ingen opphald på arbeidsplassen

Unngå å opphalde deg på arbeidsplassen for ny veg på Storhaugen.

Sande kommune arbeider med å opparbeide ny overbygging for ny veg på Storhaugen. Dette gjer at det er større trafikk i området av lastebilar, gravemaskin og andre anleggsmaskiner. Desse kan ha vanskar med å sjå mjuke trafikantar, som ikkje skal ferdast på ein byggeplass. I denne byggeperioden vil vegen vere kupert og vanskeleg å gå på for vandrande både i dagslys og mørke. Kommunen ber derfor om at gåande ikkje beveger seg gjennom bustadområdet. Dette med tanke på helse-, miljø- og sikkerheitsomsyn på ein arbeidsplass.