Stemningsfull julevandring

Stemningsfull julevandring

Engasjerte barn i julevandringa i Gursken kyrkje

Julevandring Gursken kirke - Klikk for stort bileteJulevandring Gursken kyrkje Haugelia barnehage

Torsdag 14.desember var det julevandring for dei eldste barna i Haugelia og Hauemarkja barnehage i Gursken kyrkje. Julevandringa var i regi av presten Ola Døhl der barna fekk tildelt ulike roller: Josef, Maria, visemenn, gjetar og engel. Det vart ei levande førestilling med scener frå Betlehemsmarka og stallen. Det var god kommunikasjon mellom presten og barna. Ei svært fin stund for små og store. Foreldre og besteforeldre var også tilstades.