Spente og glade smånissar i Haugelia barnehage

Spente og glade smånissar i Haugelia barnehage

Måndag 18. desember hadde Haugelia barnehage nissefest. Det var glade smånissar som kom til barnehagen denne dagen. 

Nissefest Haugelia barnehage - Klikk for stort bileteF.v. Anne Siv Hauge og Inger Lise Hauge fortel om nissen på loftet under nissefest i Haugelia barnehage Haugelia barnehage

Dei starta dagen med å fare på tur i skogen og leite etter nissespor. På turen var der barn som høyrde både nissen rope, sleda som for i full fart og bjellene til reinsdyra.

I skogen opp ved Lurvelegg hadde nissen pynta eit juletre og lagt gåver under juletreet. Der var det tre pakkar til kvar avdeling. Barna var i ekstase og alle var heilt einige i at nissen må vere verdens snillaste. 

Nissen hadde også gløymt igjen nissehua si, men vi håper han kjem tilbake å hentar den.

Når dei kom tilbake i barnehagen fekk barna vere med å opne pakkane som dei hadde fått. Deretter var det nissesamling, barna dansa til julemusikk, hadde sangleika og anna kjekt. 

Til lunsj åt barna deilig nissegraut. Medan ein åt nissegraut høyrde barna på Leikekroken plutseleg nokon som banka og trampa på loftet, og når dei opna loftsluka låg der ein stor pose med rosiner og peparkake til alle barna. 

Barna var einige i at i ettermiddag må dei teikne noko fint til nissen å seie tusen takk for alt dei fekk, og ha det opp på mørkeloftet, for det er nemleg der Haugelianissen bur 😊

Ein kjekk dag for små og store i Haugelia barnehage.

Tusen takk til FAU som ordna med sponsing frå lokale bedrifter med nissegåver.