Søknad om fyrverkeri ved opning av Rosenlund Hamn

Søknad om fyrverkeri ved opning av Rosenlund Hamn

 Sande kommune har gitt løyve i samsvar med søknad. Lensmann har bedt om at fyrverkeriet vert flytta til påskeafta.

Sande kommune mottok 8 mars 2022 søknad om oppskyting av fyrverkeri fredag 15. april kl 20 i samband med opning av hotellet på Rosenlund Hamn.

Sande kommune v/Teknisk sektor har delegert mynde til å avgjere denne typen søknader.

Det vart i samsvar med søknad gitt løyve til oppskyting denne kvelden med noko forbehold om sterkvind.  Dette løyvet har ikkje vore endra og det vidare søkjar si plikt og syte for godkjenning i samsvar med gjeldande lover og reglar.

 

Når det gjeld reglar knytt til helligdagsfred så er her ei eiga lova som regulerer dette. Mynde knytt til denne lova er politimester og lensmann.

Lensmann har kome til at oppskytinga burde flyttast til påskeafta (laurdag) som ikkje er definert som helligdag.

Då saka har vore framstilt unyansert kan det vere greit å få presisere dette.

Teknisk sektor