Smittevern og reiser -melding frå smittevernansvarlege legar

Smittevern og reiser -melding frå smittevernansvarlege legar

CDC, Alissa Eckert Fleire bedrifter i regionen har tilsette som reiser til og frå andre europeiske land. Dei fleste europeiske land er no «raude», dvs reisande frå disse landa skal ha reisekarantene etter innreise til Norge.

Covid-19-forskrifta regulerer dette. I §5, 2 ledd er og reisande til Norge som skal i innreisekarantene, pålagde å bruke munnbind også ved bruk av offentlege transport heilt fram til eigen bustad.
Smittevernloven §5, 2 ledd: De som kommer til Norge og er i innreisekarantene, kan likevel bruke offentlig transport fra flyplassen, havnen eller lignende ankomststed til karantenestedet. Personer som forlater Norge i karantenetiden kan benytte offentlig transport under utreisen. De som er over 12 år, skal bruke munnbind.


Som kommuneoverlegar med ansvar for kommunene sitt smittevern, får vi fleire meldingar om at reisande som er i reisekarantene ikkje nyttar munnbind under bruk av offentleg transport frå Vigra flyplass til bustad.
Vi vil be om at arbeidsgjevarane innskjerpar regelverket og praktiseringa av dette overfor alle sine tilsette som er i reisekarantene.
Smitte ved innreise frå utlandet er ei av fleire viktige årsaker til utbrot av Covid-19 i industrikommuner. Vi bed om samarbeid slik at denne risikoen kan reduserast mest mulig.


Bjørn Martin Aasen, smittevernoverlege i Herøy.
Norunn Kirkebø Elde, kommuneoverlege i Ulstein.
Asta Sileikiene, kommuneoverlege i Sande.
Karsten Wingen, kommuneoverlege i Hareid.