Slamtømming er i gang

Slamtømming er i gang

slambil - Klikk for stort bileteSlamtømming Reinhaldsverket

Franzefoss held for tida på med slamtøming i kommunen. Så langt har det vore tømerunde på Kvamsøya, Sandsøya, Voksa, Skredestranda, Larsnes, Hallebygda, Gjerdsvika og no held dei på i Haugsbygda og Gursken.

Nytt datasystem

Det er teke i bruk eit nytt datasystem der alle som skal ha tøming i år får melding på SMS om tidspunkt frå entreprenøren.

Det har vist seg at dette ikkje fungerer i alle tilfelle. Abonnenten må vere registrert i Kontakt- og reservasjonsregisteret med mobilnummer. Dersom ein ikkje er det, vil ein ikkje få melding.

Du kan sjølv sjekke om du er oppført i Kontakt-og reservasjonsregisteret.

Kommunen kan legge inn mobilnummer i sitt system, då vil meldinga bli sendt til deg eller nokon annan du vil skal få melding.

Kommunen kan sjekke om du står på tømelista for i år, men det er Franzefoss som planlegg når du får tøming.

Kor ofte er det tøming? 

Bustadhus skal ha tøming annakvart år og fritidsbustadar fjerdekvart år, det er dette du betalar for i kommunale avgifter.

Dersom du har behov for tøming oftare, ekstratøming, må du sjølv bestille og betale for dette.

Du finn meir informasjon om dette her på Søre Sunnmøre Reinhaldsverk

ER tanken tømt?

Kommunen får ein del spørsmål etter at nokon har hatt tøming om at tanken fortsatt er full.

Det skal vere væske i tanken etter at den er tømt, slambilen sug opp alt i tanken, skiller frå tørrstoffet og resten går tilbake i tanken. Det føregår kjemiske og biologiske prosessar i ein slamavskiljar, så det må alltid vere væske i den.

Det er berre tette tankar som skal tømast heilt.

Dersom du opplever at tanken ofte er full, så kan det vere fordi avløpet er tett. Då må du kontakte ein entreprenør/røyrleggjar som kan spyle avløpet.

Slik klargjer du tanken din for tømming