Sande sine deltakarar til UKM fylkesfestivalen

Sande sine deltakarar til UKM fylkesfestivalen

Årets fylkesfestival skal vere på Aure og Smøla på Nordmøre frå 10. til 12. oktober. 

Sande sender fleire deltakarar dit. 

I kategorien scene er El Trio de Larsnes med Anders H. Rekdal, William og Edvard Brune Leikanger og dansegruppa MOVE Dance studio nominert. 
 

Silje S. Mork, Sande kommune

 

Silje S. Mork, Sande kommune

Dansegruppa består av Alida Fylling, Aurora Kobbevik, Emilie Larsen, Irisa Phokha, Johanne Hide, Mali Bowden, Rebekka Skoge, Serine Gjerde Thea Løvøy og Thelma Skare.  

Peter Fjørtoft Sandanger og Lauritz Rovde er nominert til å vere med som konfransier, og Atira Voldnes Refsnes er nominert under kategorien kunst. 

Åse Refsnes er nominert som arrangør. 

Nominasjonane er gjort av ein fagjury etter UKM i Sande i april.  Sande kommune gratulerer dei nominerte og ønskjer dei lykke til på fylkesfestivalen. 

Du kan sjå fleire bilder frå kulturmønstringa som var i Sande i april her.