UKM 2024, ei flott felleskapsoppleving

UKM 2024, ei flott felleskapsoppleving

UKM laurdag 6.april baud på stor variasjon i innslag for eit begeistra publikum på Breidablik.

Dans, musikk og film.

Dei mange gode programinnslaga gjorde inntrykk og imponerte publikum. Eit vidt spekter av kunstformer var representerte; bildekunst, film, song og musikkinnslag og dans. Innan dans var der to fine innslag først “Coming Up” , eit friskt Hip- Hop innslag frå juniorgruppa i MOVE dance studio. Ungdomsgruppa framførte “Feel It Still”, ein flott Fusion dans, koreografert av danselærar Natalija Pankratova. Musikkinnslaga var varierte med både pop, country, jazz og klassisk i programmet. Jazz-trioen, El trio de Larsnes,  hadde god innleving og framførte jazzstykket med tittelen “Spain” på flott måte og sørga for god stemning i salen.  Jazz-trioen bestod av brørne Edvard og William Brune Leikanger og Anders Hammer Rekdal.

El trio de Larsnes Silje S. Mork, Sande kommune

Innan pop framførte 11-årige Emilie Hauge låta “Everything at once”  Ein fin prestasjon og ei flott stemme. Marie Hjelle og Jenny Rovde song ein fin duett med tittelen “Dance the nigth”. Godt samspel i denne duetten. I kategorien norsk musikk song Ella Natalie Brekke Oksavik ein fin solo med ein flott bodskap. Trettenåringen Matias Joksch deltok i musikkkategorien klassisk med framifrå pianospel med melodien "Comptine d`un Autre ètè - L`après Midi".

Nytt av året var ein film laga av  Amund, Magnar og Olav Torset Vestnes. Dei deltok med Stop-Motion filmen “The Gamer Show”, ein bildefilm med legofigurar som publikum responderte godt på.

Dans - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Ella Natalie Brekke Oksavik song "Gje Blaffen" - Klikk for stort bilete
Marie Hjelle og Jenny Rovde song "Dance the night". - Klikk for stort bilete
Emilie Hauge song "Everything at once". - Klikk for stort bilete
Dans ung - Klikk for stort bilete
Matias Joksch spelar piano - Klikk for stort bilete
Matias Joksch på piano - Klikk for stort bilete
 Jenny Rovde med "Somewhere only we know" - Klikk for stort bilete
Amund, Magnar og Olav Torset Vestnes har laga bildefilm med legofigurar - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Utstilling - Klikk for stort bilete
Eit glimt tilbake av  fotograf  Sivert Beitveit - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Maleri av Atira Voldnes Refsnes og Elina Indola - Klikk for stort bilete
Prey av Elina Indola - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

Elina Indola gjekk vidare til Landsfestivalen i UKM, som i år er i Bodø. Ho tenkjer å presentere noko som passar til tema for festivalen som er “ Framtida til Europa”.  Landsfestivalen har rundt 500 deltakarar mellom 13 og 20 år. Sidan Bodø er Europeisk kulturhovudstad i år, får deltakarane vere med på arrangementet “Midsummer Mischief den 22.juni forhåpentligvis under midnattsol. Vidare fortel ho at ho gler seg og trur det det blir spennande. ”Det er så flott å vere på UKM og møte nye folk med dei same interessene som ein sjølv. Det er både kjekt og inkluderande", synest ho. 

F.v. Atira Voldnes Refsnes og Elina Indola Silje S. Mork, Sande kommune

I intervjuet vidare fortel Elina Indola om korleis ho laga bildet  “Rabbit hole”. Først laga ho ei digital skisse som ho printa ut. Deretter brukte ho dette til å lage linjene, og i tillegg har ho brukt mange forskjellige pennar. I dette bildet kan ein også sjå både ein rev og ein kanin. I eit anna verk skildrar Elina korleis ho har brukt både akryl og kritar. Ho har også laga digitale verk der ho har brukt telefonen og teikna med fingeren.  

Maleriet "Hungry-Avengers" som Elina og Atira Voldnes Refsnes har mala i lag, fortel dei det var mykje kaving med i starten. Då dei mala dette, begynte det å regne så dei søkte ly hos bestemora til Atira. Der skissa og mala dei det vidare. Seinare møttest dei to gongar for å sjå at dei mala det likt. “Vi tenkte å teikne ein emosjon der du er så svolten at du er sur.  Eg synest vi formidla den følelsen bra", seier Elina. 

Programleiar for UKM i år var Peter Sandanger, som har erfaring i rolla, og Lauritz Rovde som var ny som programleiar. Dei skapte god stemning mellom innslaga. Stemninga var også god under “flash mob” som oppstod i salen.

Peter Fjørtoft Sandanger og Lauritz Rovde Silje S. Mork, Sande kommune

Kulturskulerektor Susann Worren Hauge og Elin Almestad frå oppvekst og kultur har vore hovedansvarlege for UKM-arrangementet i år og var fornøgde med den gode deltakinga. Dei var også glade for at tidlegare deltakarar var med som arrangør og i medarbeidargruppa.