Sande kulturskule snart i gong igjen

Sande kulturskule snart i gong igjen

Håkon Vestnes

Snart er kulturskulen i gong igjen. 

Kulturskulen startar skuleåret i veke 35 og deltakarane får melding om når dei skal møte.

Kulturskulen i Sande er ein viktig leverandør av nye kulturberarar i Sande- samfunnet!

13. juni inviterte Sande kulturskule til sommarkonsert på Landsbyhuset Breidablik, der programmet var sett saman som ein tur med «Kulturferjå». Elevane i kulturskulen fekk synt fram mykje av det dei har jobba med dette skuleåret.

Inanfor song og musikk vart både samspel og soloinnslag  framført frå scena denne kvelden. I tillegg har 11 elevar delteke på eit kurs i visuell kunst denne våren. På sommarkonserten presenterte elevane arbeida sine i ei eiga utstilling. Ei flott og fargerik ferje var også laga på kunstkurset.
Denne fine ferja vart overlevert til mannskapet på bilferga «Kvam», og heng no i salongen på øvste dekk. Tre av kunstelevane, Amund Vestnes, Edvard og William Brune Leikanger stod for overleveringa.

Sande kulturskule gled seg til å møte elevane!