Sande kommune har busett flyktningar frå Ukraina
Pixabay
Vi har pr. i dag 10 flyktningar frå Ukraina busette i Sande.
Dette er flyktningar som har kome hit sjølve fordi dei har nokon dei kjenner her eller at dei kjenner til kommunen vår frå før.
Fleire vil kome i tida framover, og kommunen er godt førebudd på å ta imot dei. Takk til alle som gir møblar og utstyr til flyktningane. Dei har sett veldig pris på dette, og vil takke for omtanken.
Publisert av Elin Rokstad
Sist endra 08.06.2022 11:29