Sande kommune er med i nettverksarbeidet "Barn og unges helseteneste" i Møre og Romsdal

Sande kommune er med i nettverksarbeidet "Barn og unges helseteneste" i Møre og Romsdal

Helse Møre og Romsdal Sande  kommune deltek i eit nettverksarbeid i Møre og Romsdal rundt barn og unge sine helsetenester i forhold til psykiske plager.

Målsettinga med satsinga er å sikre samanhengande tenester mellom kommune og spesialisthelsetenesta for barn og unge med psykiske plager. Barn og unge skal få hjelp tidleg og på rett stad.

I nettverksarbeidet "Barn og unges helseteneste" har brukarar av kommunale tenester og spesialisthelsetenesta samarbeidt om å utvikle samhandlingsforløp for dei vanlegaste psykiske helseplagene hos barn og unge. Forløpet fungerer som eit kart over tenestene og gir oversikt over dei ulike tenestene si rolle og ansvarsområde.

Tidleg innsats er også eit viktig mål med BTS-prosjektet, det blir difor naturleg for Sande kommune å sjå dette nettverksarbeidet som ein del av satsinga vår på BTS.

Arbeidet skal munne ut i sju samhandlingsforløp for dei mest vanlege psykiske helseplagene. Forløpa vil fungere som eit kart over tenestene og gje oversikt over dei ulike tenestene si rolle og ansvarsområde.

Dei 7 forløpa er:

  • Angstplager
  • Autismespekterforstyrring
  • Bekymring for born 0-3 år
  • Vanskar med merksemd og uro
  • Spisevanskar og eteforstyrringar
  • Depresjonsplager og triste kjensler
  • Vald, overgrep og omsorgssvikt

 

Vil du vite meir?

Du kan lese meir om nettverksarbeidet på denne sida til Helse Møre og Romsdal:

Barn og unges helseteneste og Helse - fonna si side 

Kontaktpersonar i Sande  

Birgitte Sundgot Førre - Helse- og omsorg og Elin Almestad - Oppvekst- kultur.

Kontakt

Elin Almestad
spesialkonsulent
E-post
Mobil 47 37 78 95
Birgitte Sundgot Førre
helsesjukepleiar
E-post
Mobil 90 87 49 80