Samøving i naudetatane

Samøving i naudetatane

Tysdag den 02.11.21. skal Sande brann og redning ha ein litt større øvelse i samhandling med politi og helse.

Øvinga vil føregå i tidsromet 17:00 til 21:00 i området Rådhuset, Nyglå, Barnehagen til Haugetun.

Vegen frå Nyglå til Haugetun vert sperra for gjennomgangstrafikk, slik at dei som bur på Haugen og i Råkja må køyre vegen via kyrkja.

Det er venta å verte ein del støy i øvingsområdet, samt køyring med blålys  på mange typar utrykkingskøyretøy. Vi ynskjer at sivile ikkje oppheld seg unødig i området.