Ruteendringsprosessen er i gang - har du synspunkt vi må ta med?

Ruteendringsprosessen er i gang - har du synspunkt vi må ta med?

Den årlege ruteendringsprosessen for ferje-, hurtigbåt- og bussrutene vil starte i august 2020. Endringar vil gjelde frå 1.mai 2021. Om du har innspel, er det viktig at dei kjem fram no. Merk den korte høyringsfristen! 

Sande kommune vil ha innspel frå innbyggarane

Det er viktig at du som innbyggar seier di meining om rutetilbodet på ferje, hurtigbåt og buss dersom du ser at noko kan endrast til eit meir tilpassa tilbod.

Sande kommune samlar og samanstiller innspela til Møre og Romsdal fylkeskommune etter at høyringsfristen er ute. 

Høyringsfrist:

31.mai

 

Korleis melder eg inn innspel?

Du kan sende oss melding på fleire måtar: 

Du kan bruke post og sende til

Sande kommune

Rønnebergplassen 17

6084 Larsnes

Du kan også sende innspel på epost eller bruke skjemaet her.

 

Takk for at du bryr deg!