Rotter er ei plage

Rotter er ei plage

Norsk hussoppforsikring  Nokre husstandar på Sandsøya opplever rotteplager om dagen- jamfør oppslag i  Vestlandsnytt. Teknisk eining har gjort litt kartleggingarbeid og oppfattar ikkje at det er eit generelt problem for heile øya. 

Huseigarar har ansvar for å sikre at slike skadedyr ikkje kjem inn i hus, men nokre gonger er ein uheldig og rotteproblem kan vere eit faktum. 

Skadedyr kan ødelegge store materielle verdier og kan representere en smittefare. Det er difor viktig å bekjempe skadedyr med nødvendige tiltak, samt å førebygge og eventuelt oppdage førekomst. Der det er registrert førekomst av rotter, har eigar eller brukar av bygning plikt til å iverksette tiltak for å utrydde rottene.

Skadedyrbekjempelse ved hjelp av gift eller feller er berre den nest beste løysninga. Sikring og fjerning av eksistensgrunnlaget for skadedyra er den mest effektive løysinga.

 

Slik kan du førebygge:

  • fjern søppel og matrester inne og ute
  • rydd gardsplasser, tomter, lagerplasser, etc.
  • søppelbehaldarar må vere tette
  • matkompost bør sikrast
  • mating av fuglar eller husdyr må ikke skje på en slik måte at det også gir næring til rottene
  • kast ikkje matrestar i avløpet
  • sjå  over tetningar der rør og kanalar går gjennom grunnmur
  • tett igjen hol i til dømes veggar, dører og på gardsplasser
  • utvendige ventiler, gluggar og andre åpningar skal ha netting
  • høgt gras og buskar tett inntil bygningar bør kuttast ned eller fjernast
  • ved og materialar bør lagrast forsvarleg
  • nedfallsfrukt bør fjernast frå bakken

På den enkelte eigedom er det eigar eller brukar av bygning som har ansvar for førebygging og utrydding av skadedyr. For privatpersonar vil klappfella vere eit godt tiltak for å bekjempe rotter. Kun godkjende skadedyrfirmaer kan nytte rottegift.

Det mest effektive "våpenet " er  førebyggande tiltak, ved å fjerne eksistensgrunnlaget for rottene.

Her kan du lese meir om kampen mot rotter