Revisjon av kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet

Revisjon av kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet

StikkUT

Har du eller laget ditt innspel?

Sande kommune skal starte arbeidet med den årlege revisjonen av handlingsdelen til kommunedelplanen for idrett og fysisk aktivitet. Ein vedteken plan/ handlingsdel er ein føresetnad for å søke om offentleg delfinansiering via ordninga med spelemidlar.

Vi inviterer organisasjonar, lag og privatpersonar om å kome med innspel til tiltak/ anlegg retta mot idrett og fysisk aktivitet. Innspel skal sendast til Sande kommune elektronisk  eller gjennom brevpost.

Her kan du lese kva som vart vedteke ved siste rullering av planen. 

Korleis sende innspel?

Innspel kan sendast til Sande kommune, Rønnebergplassen 17, 6084 Larsnes

eller på

e-post til postmottak@sande-mr.kommune.no

Du kan også skrive ditt høyringssvar her - bruk saksnummer 23/1295 når du svarar.

Frist for å kome med innspel er 21. september 2023.