Reingjering av vassleidning ved Sætre bustadfelt torsdag 30. november

Reingjering av vassleidning ved Sætre bustadfelt torsdag 30. november

Sande kommune skal torsdag 30.november frå kl. 09-16 utføre reingjering av vassleidningen ved Sætre bustadfelt. 

Pixabay

 

Den blå fargen i bilde under indikerer området som blir utan vatn i stenge perioden.

Sætre - Klikk for stort bileteSætre

Kommunen ber om at abonnentar som bur i trase som skal pluggkøyrast gjer følgjande, for å sikre at grumsete vatn ikkje kjem inn huset:

  1. Steng hovudkrana i huset før kommunen utfører pluggkøyring.
  2. Etter pluggkøyringarbeid: opne utekrana fullt, og spyl ut skite vatn i fem minutt før opning av hovudkran.
  3. Opne hovudkrana i huset.

Det vert også sendt ut sms-varsling før dei stenger av vatnet.