Regional kraftsystemutgreiing for Møre og Romsdal- har du innspel?

Regional kraftsystemutgreiing for Møre og Romsdal- har du innspel?

 Istad Nett AS har varsla oppstart av arbeidet med ny kraftsystemutgreiing for regionalnettet i Møre og Romsdal.

Istad Nett er utpeikt av NVE til å vere utgreiingsansvarlig. Føremålet med utgreiinga er å vurdere mulig utvikling i behov for overføringskapasitet, gi eit oppdatert grunnlag for konsesjonssøknad, samt skape ein felles forståelse i samfunnet for endringar i kraftsystemet, mm. Ordninga med kraftsystemutgreiingar er fastlagt gjennom Forskrift om energiutredninger, og er underlagt kontroll av NVE.

 

Kommunane vert no invitert til å bl.a. å kome med innspel til den varsla utgreiinga. Kommunane har frist til 23.oktober med å gi innspel.

Har du meiningar om saka, ta kontakt med Oddbjørn Indregård eller send ein e-post til postmottak@sande-mr.kommune.no innan 21.oktober 2020.

Kontakt

Oddbjørn Indregård
leiar
E-post
Mobil 97 58 88 11