Plast eller krabbe?

Plast eller krabbe?

Elevar ved Larsnes oppvekstsenter Sande kommune  I etterkant av temaveka om plast i havet, hadde 3.klasse ved Larsnes oppvekstsenter ein fin tur til Oksavika mandag 19.10. Der tok Guttorm imot klassa nede på kaia.  

Elevane fekk vere med ut i båten for å drage krabbeteiner kvar sin gong.  Elevane fekk lære om reglane rundt hummarfiske. Hummaren dei fekk i krabbeteina måtte ut i sjøen igjen fordi det  fordi det ikkje er lov å fange hummar i krabbeteiner. Der var også ein hummar i hummarteina, men den var for liten, under 25 cm, og då er det ikkje lov å ta den. Guttorm hadde ein målepinne som han målte hummaren med.

Mor til ein av elevane var med og hadde gjort klar ei stor panne til koking av krabbane. Elevane smakte på småklørne, og så fekk elevane med  dei store klørne tilbake til skulen. Nokre syns krabbe er godt, og har smakt det før. For nokre var dette framand kost.

Heldigvis såg elevane lite plast denne dagen. Veret var fint og det var stilt på sjøen, men berre 6 grader.

Ei kjekk og lærerik oppleving for elevane. Fint at nærmiljøet er med å skape slike fine fellesopplevingar.