Pårørandeskule - aktuelt for deg?

Pårørandeskule - aktuelt for deg?

Sande kommune  Omsorgstenesta saman Sande kommune saman med Ytre Søre Sunnmøre demensforening ønsker velkommen til pårørandeskule for pårørande eller nære venner, til menneske med demens sjukdom.

Pårørandeskule er eit undervisningstilbod til deg som har omsorg for, eller har ein nær ven med demens.

Kursdagar:

26.oktober, 2.november, 16.november og 30 november frå kl 18.00 -20.30

Stad:

Kapellet på Sandetun 

Mål for pårørandeskulen:

  • Å gje pårørande til personer med demens sjukdom, auka kunnskap om sjukdomen
  • Å gje grunnlag til at pårørande betre kan takle sin situasjon i høve til familie og vener
  • Å betre kvaliteten på samværet med den sjuke, både i heimesituasjon og på institusjon
  • At pårørande skal verte kjend med dei ulike tenestene som kan tilbydast, og kva hjelpemiddel som finnast

 

Alle kurskveldar har kaffipause og god tid til spørsmål og uformelle samtaler. 

 

Påmelding:

Sande kommune, servicekontoret – tlf. 700 26 700 mellom kl. 10:00 – 14:00

Frist:       

Innan mandag 16. oktober 2020

Program

Mandag 26. oktober

Einingsleiar i heimetenesta Kari Johanne Skarmyr ynsker velkomen på vegne av Sande kommune.

Kari Ristesund ynskjer velkomen på vegne av Ytre Søre Sunnmøre demensforening.

Ulike typar demens – årsak, forløp, symptom og behandling ved kommunelege Torstein Vattøy.

Mandag 2. november

Personell frå alderspykiatrisk avdeling i Ålesund vil snakke om dei pårørande si roller.

Mandag 16. november

Korleis jobbe med personar med demens sjukdom, ved tilsette i Helse og omsorg. Praktiske hjelpemidler ved hjelpemiddelansvarlig. Ulike tilbod i kommunen, lovverk og økonomiske rettigheiter ved Kari Johanne Skarmyr

Mandag 30. november

Sorg og sorgreaksjoner ved Jens Terje Johnsen

Oppsummering og evaluering.

Spørsmål?   

Kontakt Kari Ristesund, mobil 905 41 236 eller

Kari Johanne Skarmyr, mobil 959 18 965