På saklista

På saklista

Eldrerådet har møte mandag 28.09 kl 10.00, Rådet har møte tysdag 29.09 kl 09.00. NTM-utvalet har møte tysdag 29.09 kl 16.00 og HO-utvalet har møte onsdag 30.09. kl 13.45.

Eldrerådet får besøk av det nasjonale eldreombodet Bente Lund Jacobsen. Ho vil kome innom tema som Leve hele livet-reformen, Vald mot eldre og covid 19.

Råd for personar med nedsett funksjonsevne jobbar for tida med ein uttale til Møre og Romsdal Fylkeskommune på ferjemateriellet som vi har i Sande, og med ei sak om parkeringsplassar for rørslehemma. 

Næring, teknisk og miljø får orientering frå Søre Sunnmøre Reinhaldsverk om deira verksemdsområde. Av politiske saker skal dei mellom anna handsame 3 søknadar frå kommunalt næringsfond, ei høyringssak om statlege planretningsliner for differensiert forvaltning av strandsona, tilråding på retningsval for brannvernsamarbeid og hamne- og kaiavgifter i Sande. 

Helse og oppvekst-utvalet skal behandle endringar i vedtektene for barnehagane, spørsmålet om vidareføring av sommar-SFO og reglar for skuleskyss i Sande.

HO-utvalet sitt møte skal vere på mediateket på Larsnes oppvekstsenter, dei andre møta vert halde på Sande Rådhus. Alle møta er opne for publikum, og vi følgjer nasjonale reglar for smittevern. 

Du finn alle sakspapira på Innsyn - Sande kommune