På saklista

På saklista

Møtet blir ikkje ope for publikum, men pressa får høve til å vere tilstades.

Dette er i samsvar med Midlertidig forskrift om gjennomføring av fjernmøter i kommuner og fylkeskommuner for å begrense spredning av Covid-19.

Møtet vert videostrøyma via Sande Nettsyn sin YouTube-kanal.

 Først i møtet får vi besøk av Audun Hopland som er prosjektleiar for eit interkommunalt prosjekt innanfor reiseliv og Tom Anker Skrede som er reiselivsleiar i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre. Dei vil halde eit innlegg om produktutviklingsprosjektet for reiseliv for Ytre Sunnmøre.

Elles på saklista finn vi blant anna saker om lovlegheitkontroll av skulestruktursaka, forskrift for skulestruktur i Sande, fritt skuleval, godkjenning av rekneskap og årsmelding.

Rovdefjordsambandet AS og Sande Fastlandssamband AS har begge bedt om at Sande kommune tek del i aksjeutviding i selskapa. Kommunestyret skal dermed vurdere om det skal brukast av fondskapitalen til å kjøpe aksjar for 500.000 kr i Rovdefjordsambandet og for 1.000.000 kr i Sande Fastlandssamband.

Du kan lese alle sakene på Innsyn.