På saklista

På saklista

Både formannskapet og kommunestyret skal behandle sak om planprogram for samfunnsplanen. Den førande strukturen frå forrige samfunnsplan er vidare ført i forslaget til denne: 
* Visjonsbilde og verdisett
* Overordna målsetting
* Perspektiva om at

  • I Sande vil vi
  • I Sande bur vi
  • I Sande gjer vi

Framdriftsplanen set forventningar om at planen skal vedtakast i løpet av september 2020.

I kommunestyret skal årsmeldingane for dei kommunale råda vedtakast, ein skal tildele skjenkeløyve for Rosenlund Hamn, opprette stilling som ungdomsarbeidar og tildele midlar til gatelys. Eit breidt spekter av saker med andre ord.

I tillegg skal politisk reglement for Sande kommune vedtakast. Dette er eit nytt reglement, bygd på dei gamle, eksisterande reglementa. Nye punkt i nytt reglement er bl.a. forslag om open talarstol og spørjetime i kommunestyret.

Har du som innbyggjar ei sak du brenn for, kan du be om tid til å legge fram saka di for kommunestyremedlemmane. I  ein spørjetime er det politikarane sjølve som får høve til å stille spørsmål til ordføraren. 

Målsetjinga frå administrasjonen er å styrke dialogen mellom innbyggjarane og dei folkevalde, vitalisere lokaldemokratiet og skape større engasjement og interesse. Så får vi sjå om politikarane er einige i framlegga til reglement.