På saklista

På saklista

I veke 16 skal dei kommunale råda og utvala ha møter.

På måndag 15. april har eldrerådet møte kl  09.30 og ungdomsrådet kl 18.00.

På tysdag har rådet for personar med nedsett funksjonsevne møte kl 09.00 og oppvekst- og kulturutvalet kl 11.30/13.30.

På onsdag har helse- og oppvekstutvalet møte kl 12.45. Næring, teknisk og miljøutvalet sitt møte er avlyst. 

Alle råd og utval skal handsame ny Alkoholpolitisk handlingsplan for 2024 - 2028.

Oppvekst- og kulturutvalet skal på synfaring til Larsnes oppvekstsenter kl 11.30 og til Hauemarkja barnehage kl 12.30. Ordinært møte på rådhuset frå kl 13.30.

Helse og omsorgsutvalet skal få orienteringar både frå Helsestasjon om skulehelsetenesta og frå einingane heimeteneste og institusjonsteneste.  

Alle møte skal vere på rådhuset og dei er opne for publikum.

Du kan lese sakspapira her.