På saklista

På saklista

Tre klubbe - Klikk for stort bileteMøte klubbe

Onsdag 1. mars skal Næring, teknisk og miljøutvalet i Sande ha møte politisk møte på Sande Rådhus. Møtet startar kl 16.00 og er ope for publikum og presse. 

Skal Sande kommune få nytt reglement for kjøp, sal og feste av tomter og grunn?

Sande kommune har jamnleg førespurnad om kjøp, sal, opsjon eller festing av grunn. Førespurnadane kan ha forskjellige grunnar og det oppstår også variable oppfatningar av kva verdi den einskilde ser for seg grunnen har.

For å oppnå størst mogleg grad av lik handtering av dei einskilde sakene er det eit ønske at kommunen vedtek retningsliner som ein kan halde seg til. Tidlegare har kommunen nytta eigen kjøpekontrakt. I den er det teke inn ein rett til gjenkjøp dersom kjøpar vel å ikkje bygge grunnen. I nytt forslag til reglement er det teke inn at denne retten skal tinglysast for den måten sikre at kjøpar ikkje kan vidareselje grunnen uten at kommunen seier frå seg retten.

NTM-utvalet skal ta stilling til denne saka på møtet.

 

Dei skal også godkjenne ein søknad om konsesjon for kjøp av eigedomen gnr 5 bnr 1 i Gjerdsvika. 

Du kan lese alle sakspapira her.