På saklista

På saklista

Kommunestyremøtet får besøk av Interkommunalt Arkiv for Møre og Romsdal, som Sande kommune er medlem av. Dei vil orientere om tenestene som IKA tilbyr medlemskommunane og innbyggjarane i fylket vårt. 

På saklista finn vi også sak om utbygging av kommunalt vassverk til Hallebygda, som ikkje har hatt slikt tilbod tidlegare. Når det gjeld Hallebygda så har den indre delen vore forsynt av midlertidige sjøleidningar som er delvis ute av drift grunna av at desse ligg utsatt til. Det er no kome skriv frå oppsitjarar i ytre Hallebygda om kommunal vassforsyning til dette området. Tørre somrar gir ofte vassmangel for dei som har private brønnar slik som ein opplevde sommaren 2021.

Ein skal også vedta dokumentasjonstrategien (arkivplan) for Sande kommune. Dokumentasjonsstrategien inneheld plan for dokumentforvaltninga, organisering av den offentlege forvaltninga, rutinar og retningsliner både overordna og lokale, arkivoversikt og informasjonsarkitektur og bevarings- og kassasjonsplan. Du kan sjå den digitale versjonen av dokumentasjonsstrategien her.

Du kan lese sakspapira til alle sakene på saklista her.