På saklista - 19.mai

På saklista - 19.mai

Det blir først eit møte i styringsgruppa for planstrategi for Sande kommune. Det er formannskapet som er vald som styringsgruppe. Dette møtet startar kl 12.30.
Ordinært formannskapsmøte frå kl 13.45.

Administrasjonsutvalet skal også ha møte denne dagen.

Møta blir ikkje ope for publikum, men pressa får høve til å vere tilstades.

Dette er i samsvar med Midlertidig forskrift om gjennomføring av fjernmøter i kommuner og fylkeskommuner for å begrense spredning av Covid-19.

Frå saklista til formannskapet

Formannskapet skal i sitt møte tilrå fleire saker til kommunestyret som årsmelding og årsrekneskap for 2019, forskrift om skulestruktur og reglar for fritt skuleval, forprosjekt rundt etablering av kai i Gjerdsvika hamn og saker rundt bustadtomter i Sande.

Sande kommune har i lag med øvrige aksjonærar fått invitasjon til å delta i aksjeemisjonar både i Rovdefjordsambandet AS  og Sande Fastlandssamband AS, og desse sakene skal og handsamast på møtet.

Du kan lese alle sakene på Innsyn.

Administrasjonsutvalet 

Administrasjonsutvalet skal og ha møte denne dagen kl 12.00 der ein skal revidere lønspolitisk plan og gjere vedtak om retningsliner/ avtale om mobiltelefonar og abonnement. 

Du kan lese alle sakene på Innsyn