Ordførar Olav Myklebust besøkte ungdomskuleelevar

Ordførar Olav Myklebust besøkte ungdomskuleelevar

Konge og ordførar  - Klikk for stort bileteKongebesøket august 2022. Tor Sivertstøl

Fredag 1.september hadde 8., 9. og 10.klasse ved Gursken oppvekstsenter besøk av ordføraren.

Han fortalde om korleis det er å vere ordførar i Sande kommune. Vidare informerte han om kva oppgåver og plikter ein ordførar har, og korleis det var å få helse på kongeparet. Olav hadde også med seg ordførarkjedet - som elevane fekk sjå. I den samanheng forklarte han når det skulle brukast. Han ga dessutan døme på når det ikkje skulle brukast, mellom anna ved dette besøket på ungdomskulen.

I tillegg fekk elevane vite korleis ein brukar stemmeseddelen, og kven som har stemmerett ved kommune - og fylkestingsvalet.

Elevane hadde mange gode spørsmål til ordføraren, og lærde mykje på den timen han var innom.

Takk for besøket, Olav!