Oppmoding til foreldre/ føresette:

Oppmoding til foreldre/ føresette:

arbeidsmiljo-_minskole.no  Kjære foreldre/føresette.

Med bakgrunn i situasjonen vi har i dag med strenge tiltak knytt til smittevern, og hindring av spreiing av COVID-19-viruset, kjem vi med ei innstendig oppmoding til dykk:

Politiet er kontakta av tilsette i helsevesenet som uttrykkjer stor uro knytt til at barn og ungdom no samlar seg i grupper, og på denne måten eksponerer seg for smittefare. Tilbakemeldingar vi har motteke, syner at t.d. kjøpesenter no er samlingsstadar for større grupper med barn og ungdom.

Om tiltaka som Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet har sett i verk skal fungere, er det svært viktig at ALLE innbyggjarar rettar seg etter desse. Skal tiltaket med stengde skular fungere som tenkt, MÅ ein halde seg til oppmodingane frå Folkehelseinstituttet.

Situasjonen no er at ungdommar samlast, og dette aukar smittefaren for dei rundt seg. Dette kompliserer sporing av smitte for kommunelegane. Konsekvensen kan vere at smitta personar går glipp av viktig varsling og karantenetiltak – noko som kan føre til ytterligare spreiing av viruset.

COVID-19 er definert som ein pandemi. Tiltaka for smittevern og hindring av spreiing er omfattande. Heile verda innfører strenge restriksjonar i den hensikt at ein felles innsats skal hindre at menneskeliv går tapt. Kommunane har ansvar for tiltak overfor sine innbyggjarar, slik at kommunelegane skal kunne foreta sporing av smitte. Folk er oppmoda om å halde seg heime og unngå samlingar av folk. No er det ikkje riktig tid for barn og ungdom å "henge" på t.d. kjøpesenter!

Politiet ber dykk om å gå føre som gode rollemodellar for barn og ungdom. Snakk saman om kvifor det er ekstra viktig med god handhygiene, og det å unngå større samlingar av folk. Det er også svært viktig å halde god avstand til dei som er rundt ein.

Pass godt på kvarandre! Smittevern tiltaka påverkar oss alle, og hugs at dette er ein felles internasjonal dugnad for å hindre tap av menneskeliv.

 

Vennleg helsing politiet på Søre Sunnmøre