Opplæring i plan for politikarar og tilsette i kommuneadministrasjonen

Opplæring i plan for politikarar og tilsette i kommuneadministrasjonen

– Vi har laga ei heil rekke korte filmar som gir grunnleggande kunnskap om sentrale tema i kommunane si planlegging. Vi håper de vil sjå alle filmane – åleine, eller i grupper, seier statsforvaltar Else-May Norderhus og fylkeskommuneordførar Anders Riise. 

Opplæring i plan - Klikk for stort bilete

Filmane finn de her: Opplæring i plan for politikarar - filmressurs | Statsforvaltaren i Møre og Romsdal (statsforvalteren.no)

– Filmane er korte, 3-8 minutt, rett på sak og laga for dykk som no legg planar for åra som kjem. Planar som kan dytte oss i rett retning, seier Riise.

Planlegg for ei trygg framtid

Else-May Norderhus legg til at alle kommunar i dag står med eit stort ansvar. 

– De sit med nøkkelen for å nå berekraftsmåla, og for å skape ei trygg framtid for folk og natur. De må tenke globalt og handle lokalt, seier ho. 

Dei to ønsker å dele kunnskap, for at kommunane skal kunne ta strategiske og kloke val.  

Filmane handlar om sentrale sosiale tema som korleis vi famnar om dei eldre, barn og unge, dei som ikkje har bustad, dei som har eit handikap og som fell utanfor. Andre filmar handlar om korleis vi brukar areala våre: strandsona, dyrka mark og natur. Klima er tematisert gjennom klimabudsjett og gjennom korleis vi tilpassar oss til eit klima som er endra og som gir oss meir av flaum og ras.

Plan, berekraft, økonomi og forvaltningsrett

Filmane gir også kunnskap om kommuneøkonomi, om habilitet og lovlege vedtak. 

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Møre og Romsdal fylkeskommune og Distriktssenteret har samarbeidd om informasjonspakken. 

– Vi ønsker kommunane lykke til i planlegginga, og håper filmane kjem til nytte, avsluttar statsforvaltaren og fylkesordføraren.