Oppdatering - vasslekkasje i Gursken

Oppdatering - vasslekkasje i Gursken

kl 16:10

Det er oppdaga vasslekkasje i Kjelsvika i Gursken no i ettermiddag. Teknisk sektor jobbar med saka. Vassabonnentane i Haugsbygda og framover mot Myklebust kan rekne med at vatnet blir borte i perioder utover kvelden. Vi håper at problemet blir løyst så fort som råd. 

 

Oppdatering kl 21:30

Lekkasjen er lokalisert og utbetra og ein vil truleg få normal drift på vasslevering rundt 23:30. Det vil ta så pass lang tid på grunn av utspylingsarbeidet. 

Det er ikkje alle abonnentane som har merka noko av problema, men dei  som bur på strekninga frå Lillebø til Tosteneset har vore utan vatn ei stund. Vi håper alle har vatn i krana rundt midnatt!

 

Oppdatering kl 22:20

Teknisk vakt melder at no kan vatnet renne i alle kranene i Gursken, og utbetringsabeidet med lekkasjen er sluttført!

 

Teknisk vakt

tlf 70029176