Oppdag magien med fargar

Oppdag magien med fargar

Eit maleventyr fylt med moro, kreativitet og smil! Velkommen til eit unikt malekurs der alt handlar om moro, kreativitet og oppdaginga av fargar.

Mann - Klikk for stort bileteFabio Kreis https://fabisdesign-kids.com/

Kulturskulen ønsker å halde fram med breiddetilbudet i teikning og maling framover vårsemesteret. Fabian vil no gå i gang med maling som tema. Dette vil vere spennande og interessant for fleire å vere med på.

🎨 Saman vil vi utforske verda av dyr, ansikt og naturens underverk.

🐾 Dyr: Elevane får skape alle slags dyr – frå majestetiske løver til sjarmerande sommarfuglar.

😊 Ansikt: Ulike teknikkar for å male ansikt.

🌿 Natur: Gjennom bileta vil barna fordjupe seg i alt det vakre i naturen. Fargerike blomsterengar, skuggefulle skogar og strålende soloppgangar blir til kreative meisterverk.
 

Overordna mål for kurset:

  • Læring gjennom meistring og motivasjon. Barna vil ikkje berre male, men også lære gjennom leik, utforsking, eksperimentering og refleksjon.
  • Personleg uttrykk: Malekurset legg til rette for at elevane får arbeide mot eit personleg uttrykk. Kvart penselstrøk fortel ei historie, og kvart bilete er ei unik forteljing.
  • Felleskap og samarbeid: Elevane blir ein del av eit kunstnerisk fellesskap der dei kan utveksle idear, lære av og inspirere kvarandre.

Praktisk informasjon: 

  • Oppstart: Måndag 15.januar
  • Tid: Måndagar 16:30-17:30
  • Stad: Gursken oppvekstsenter 
  • Aldersgrense: Frå 3. til 7. Klasse 
  • Pris: 500 kr

Påmelding

Påmelding og oppstart er måndag 15. januar- Send melding til Susann: 

E-post: susann.worren.hauge@sande-mr.kommune.no eller på mobil : 91 64 36 76