Ønsker du å starte eiga bedrift?

Ønsker du å starte eiga bedrift?

Hoppid - Klikk for stort bileteHoppid Logo hoppid

Etablerarkurs ved hoppid.no - nytt kurs startar 11.oktober

Etablerarkurset går over tre veker med ti nettbaserte samlingar. Mellom samlingane arbeider du med å utvikle forretningsideen din, og du får oppfølging frå ein hoppid.no-rådgjevar. Link til påmelding finn du her:

https://mrfylke.no/hoppid.no/kalender-hoppid.no/hoppid.no-oppstart-11.-oktober

Eit etablerarkurs vil passe for deg som har ein forretningsidé du vil utvikle, eller for deg som har ei bedrift som du ønsker å vidareutvikle. Det krev at du er motivert for å lære, og at du vil jobbe med å vidareutvikle prosjektet ditt. Etablerarkurset er gratis for deltakarar som er busette i Møre og Romsdal.