Om situasjonen i Ukraina

Om situasjonen i Ukraina

 Beredskapsleiinga i Sande har kontakt med regional og statlege instansar som held oss oppdatert på situasjonen og eventuelle tiltak som bør setjast i verk. Vi vil via heime- og Facebook-sida vår informere innbyggjarane fortløpande om eventuelle hendingar.

I denne artikkelen vil vi gi informasjon om beredskapssituasjonen i kommunen og forhåpentlegvis svare på ein del av spørsmåla mange av innbyggarane våre sit med.  

Denne sida blir oppdatert med nye moment og nytt innhald når det er aktuelt.

Eigenberedskap til kriser

Direktoratet for samfunnssikkerheit, DSB, har laga ei brosjyre med kva vanlege folk bør ha heime i tilfelle krise (vatn, mat, brensel mm). Dette kan vere kriser som oppstår til dømes på grunn av uvêr og straum- eller vassbrot, sabotasje eller tekniske problem. Desse råda gjeld altså uavhengig av krigen i Ukraina.

Her kan du laste ned brosjyren.

På sikkerkvardag.no kan du lese meir og laste ned lista over kva du bør ha i hus.

Jodtablettar

Desse tablettane har vore ein del av «kvardagsberedskapen» i mange år då dei kan førebygge strålingsskader etter radioaktivt nedfall etter til dømes ein atomulukke.

Kommunar er pålagt å ha eit beredskapslagar. I tillegg er private oppmoda om å ha eit beredskapslager heime. Slike tablettar kan kjøpast reseptfritt på apotek (10-pakning).

Sande kommune har eit beredskapslager av jodtablettar som kan delast ut til barnehagebarn og skulebarn. 

Vi klarer å distribuere desse ut  innen 12 timer etter at et varsel er gitt av myndighetene.

Det er viktig at jodtablettar blir tatt på rett tidspunkt - ein skal difor alltid avvente melding frå myndigheitene før ein brukar desse tablettane. 

Her er det Helsedirektoratet seier om jodtablettar.:

  • Jodtabletter skal kun tas ved en atomhendelse på det tidspunktet myndighetene anbefaler at de tas. Tablettene beskytter barn under 18 år, gravide og ammende mot utvikling av kreft i skjoldbruskkjertelen.
  • Bare i helt spesielle situasjoner med høy eksponering for radioaktivt jod er det aktuelt med tabletter til voksne mellom 18 og 40 år. Personer som har operert bort skjoldbruskkjertelen trenger ikke ta tabletter. Personer med jodallergi og enkelte andre sykdomstilstander skal heller ikke ta slike tabletter.
  • Det finnes i dag to typer jodtabletter tilgjengelige i Norge, én på 130 mg ("Jodix") som selges reseptfritt på apotek, og en på 65 mg («Kaliumjodid Recip») som distribueres til norske kommuner. Doseringen for personer over 12 år er 1 tablett Jodix, alternativt 2 tabletter Kaliumjodid Recip. For yngre barn er doseringen mindre enn én tablett, og dette er nøye beskrevet i pakningsvedlegg og informasjon på www.dsa.no.
  • Tablettene skal i utgangspunktet bare tas én gang etter en atomhendelse, men i spesielle situasjoner med vedvarende eksponering for radioaktivt jod kan det bli gitt råd fra myndighetene om en ny dosering etter et døgn for personer som ikke er spedbarn, gravide eller ammende.

Her kan du lese meir om jodtablettar

Mottak av flyktningar frå Ukraina

Sande kommunestyre gjorde 21.mars 2022 vedtak om å busette 50 personar som er på flukt som følgje av krigsherjingane i Ukraina.

Og Sande kommune har gitt tilbakemelding til myndigheitene om at kommunen kan ta i mot og busette desse. 

Husrom

Vi trur pr no at vi har nok husrom i form av kommunale og private bustadar. Vi veit imidlertid ikkje når eller kven som kjem til Sande. Det vi veit er at det er barn og kvinner samt ein liten andel eldre som er på flukt frå krigsherjingane i Ukraina.

Arbeidsgruppe i gong

Kommunedirektøren har sett ned ei arbeidsgruppa som skal prøve å legge godt til rette for flyktningane som kjem til Sande. I gruppa er alle tenesteområda representert, og vi vil nytte det etablerte tenesteapparatet for å få til ei god inkludering av dei som vert busett i våre bygdelag.

Frivilligheita - vår beste støttespelar

Som kommune er vi avhengig av frivilligheita når vi no skal busette personar som er på flukt. Barn og unge vil få eit barnehage- og skuletilbod, og dei vaksne skal få eit introduksjonstilbod. Desse tilboda vil gi ein meiningsfull dagsaktivitet, men vi veit alle at dei sosiale aktivitetane og møteplassane gjennom frivillige lag er ein svært viktig del av vår kvardag.

Vi vil difor alt no utfordre frivillige lag til å starte ein tankeprosess om kva mitt lag/ min organisasjon kan bidra med i arbeidet med å ta i mot og inkludere nye personar som kjem og busett seg i Sande. Ein umiddelbar og god tanke kan kanskje vere eit kor eller eit idrettslag – men å verte invitert inn i ein «strikkeklubb» eller ein «kveldsturklubb» kan også vere eit kjærkome tilbod for nokre!

Invitasjon til samarbeidsmøte vil kome

Når vi får ei betre oversikt over kven og kor mange som kjem ser vi føre oss å invitere frivillig lag og organisasjonar til eit samarbeidsmøte. Der vi kan dele meir informasjon og kanskje også samordne og fordele oppgåver og aktivitet.

Vi må alle vere medspelarar i ei slik situasjon!

Busetting av flyktningar - kan vi hjelpe?

 Sande kommune skal busette 50 flyktningar. I samband med busetting kan vi ta imot brukte møblar og inventar for å møblere kommunale leilegheiter. Klede, sko og anna utstyr er det Sande Frivillegsentral som skal samle inn etter kvart.

Møblar og anna inventar

Vi vil trenge diverse møblar og anna inventar som trengs i ei leilegheit - koppar og kar, sengetøy, handukar og anna. 

Det vil ganske snart bli lagt ut ei liste over det vi treng, så følg med på sida her eller på facebook-sida.

Klede og utstyr

For at vi skal halde kontroll på det vi får inn og sidan vi ikkje har lagringsplass, vil vi legge ut lister på det vi treng når vi treng det. Dette fordi vi ikkje enda veit kven som kjem først. Om det er ein familie med to gutar på 2 og 7 år, eller om det er ein familie med tre jenter i tenåra osv.

Det som skal samlast inn må være heilt, reint og klart til bruk.

Vi vil legge ut namn på kontaktpersonar og lister på det vi treng på heimesida til Sande kommune og facebook-sida til Sande Frivillegsentral.

 

Regjeringa har etablert eigne sider der innbyggarar kan få svar på det dei lurer på om Russland sitt angrep på Ukraina.

Det er Utanriksdepartementet som har etablert sidene, og dei skriv at dei vil oppdatere dei fortløpande.  

Lenke: Angrepet på Ukraina - spørsmål og svar
Lenke: Aktuelle saker om krisa i Ukraina