Nye søknadsskjema gir svar på minuttet

Nye søknadsskjema gir svar på minuttet

Elektronisk automatisk søknad Fotograf: Polina/pexels.com Måndag  14. desember vert det første elektroniske skjemaet lansert der du som kunde får automatisk vedtak. Det er eit greit framsteg for den som søkjer. I tillegg vert det ei automatisering av arbeidsprosessane i kommunen.

Kva skjema gjeld dette i første omgang

Det første skjemaet vi har fått automatisert er ambulerande skjenkeløyve og skjenkeløyve ved enkeltarrangement. Grunnen til at dette skjemaet vart det første er at lovverket og alkoholpolitisk plan er klare på kva ein kan gi løyve til.

I situasjonen med Korona vil nok skjemaet ikkje verte så mykje brukt, men ligg klar til bruk når det er lov å halde arrangement igjen.

Kva betyr dette for deg som skal søkje?

To skjema vert no bytta ut til eit skjema. Er du usikker på om ting er søknadspliktig eller kva du skal velje av løyvetype, skal dette no kome klart fram i skjemaet.

Det er lagt inn ein del kriterium som gjer at søkjar kan få automatisk tildelt løyve. Det vil sei at du kort tid etter at søknaden er sendt inn vil få vedtak om løyve uansett kva tid på døgnet du søkjer.

Er der forhold som ikkje er oppfylt eller som ligg utanfor det som er bestemt i lovverk og alkoholpolitisk plan, vil saka gå til manuell handsaming. Sakshandsaming skjer då som tidlegare. Det vil seie at det vil ta litt tid før du får svar.