Nye rektorar i Sande-skulen

Nye rektorar i Sande-skulen

Marianne Solbjørg Ose Sande kommune

 Marianne Solbjørg Ose er den nye einingsleiar/rektoren på Gursken oppvekstsenter.

Frå 1.august var Marianne Solbjørg Ose på plass ved Gursken oppvekstsenter. 

Ho skal vikariere for Tore Tangen som har eitt års permisjon.

Marianne har mange års erfaring frå arbeid i skulen både som lærar og skuleleiar. Dei siste fem og eit halvt åra har ho vore rektor ved Ørsta ungdomsskule. 
Ho gled seg til å ta fatt i arbeidet som leiar ved skulen.
- Det er viktig å vise veg og vere tydeleg med prosessar i arbeidet. Ein må arbeide som eit team der alle er like viktige og verdifulle, seier Marianne. 
Skulen er ein kompleks organisasjon og det krevst samarbeid og gode relasjonar for å lukkast.

Eleven skal stå i sentrum. Hovudfokuset i arbeidet er å sikre eit trygt skulemiljø
og samtidig leggje til rette for god fagleg utvikling for den enkelte.

Det er mykje spanande som skjer i skulen framover - ny læreplan frå 2020 er ei ny utfordring, seier den blide dama, som no er ein del av leiarteamet i Sande kommune.