Nissegraut på Larsnes skule

Nissegraut på Larsnes skule

Fredag 15. desember var det igjen duka for den årlege nissegrauten på Larsnes oppvekstsenter

Frå venstre: Astrid- Bente Sandvik, Jorunn V. Vestnes, Dorte Nordahl, Solveig Rovde og Ragnhild Helle Dalen - Klikk for stort bileteFrå venstre: Astrid- Bente Sandvik, Jorunn V. Vestnes, Dorte Nordahl, Solveig Rovde og Ragnhild Helle Dalen Larsnes skule

I år som tidlegare år var det helselagsdamene på Larsnes som stod for koking og servering. I tillegg til det både betalte dei for og handla inn til måltidet! 

Det vart ei koseleg og mettande førjulsstund for elevane. Tilbakemeldinga frå elevane om korleis grauten smakte var som alltid gode og positive. Ei stor takk til dei alltid like kjekke og smilande helselagsdamene! Truleg blant verdas mest generøse helselagsdamer!