Nattarbeid på Kvamsøya

Nattarbeid på Kvamsøya

Det vil vere nattarbeid frå og med mandag kveld den 29. april til og med natt til torsdag 2.  mai.  Siste ankomst (klokka 22.50 frå Larsnes/ klokka 23.35 til Kvamsøya) samt bestillingsruta som gjeld ferja må kansellerast desse nettene.

Det vert sett inn bestillingsrute med samfunnsbåten LIV, med bestillingsfrist klokka 20.00 og avgang klokka 23.00.

Ferja kan heller ikkje ha natteligge på Kvamsøya desse nettene.

Bestillingstur med samfunnsbåten LIV må bestillast på telefon: 466 78 434

Følg med på www.frammr.no som har oppdaterte ruter.

 

Dette skal ikkje vere spesielt støyande arbeid, men om nokon vert negativt påverka kan dei ta kontakt med underteikna så vi i samråd kan finne ei løysing.

Andreas Tennøy Brekke

Overingeniør

Fylkesvegavdelinga – vegprosjekt

Møre og Romsdal fylkeskommune

 Tlf. 980 11 600