Sande kommune har kommunale industriområder i dei ulike delane av kommunen. Desse areala kan ha ulik grad av opparbeiding der nokre er ferdig grovplanert medan andre områder er reine rå-tomtareal.
Gjerdsvika
Deponi nord :
Sande kommune vil her i 2021 disponere eit industriområde på ca 12,0 da ferdig planert.
Det er i reguleringsplansamanheng innlagt ei kai på deponi nord. Det føreligg ikkje konkrete planar
for gjennomføring av denne.
Vidare har Sande kommune eit industriområde på ca 12,5 rå-tomt mellom deponiet og fylkesvegen.
Det er vidare i arealplanen utlagt meir industri-areal i det same området (mot aust).
Deponi syd:
Sande kommune vil her i 2021 disponere eit areal på ca 33 da på søndre deponi ferdig planert.
Det er i reguleringsplansamanheng innlagt ei kai på deponi syd. Det pågår eit arbeid for å sjå på mogelegheiter for gjennomføring av eit kaianlegg her.
Haugsbygda
Sande kommune disponerer eit areal på ca 3-4 da i Haugsbygda hamn.
Området er rå-tomt og må planerast ned med utfylling i sjø.
Gursken
Sande kommune disponerer eit areal på ca 4 da i Myklebustmyrane.
Området er rå-tomt og må planerast ned.
I det same området er det regulert meir industriareal både i reguleringsplan og arealplan.
Larsnes
Sande kommune disponerer eit areal på ca 4 da i Honndalen på Larsnes.
Området er råtomt og må planerast ned.
I området ved Breivika er det i arealplan-samanheng er der utlagt større industriareal.
Sandsøya
Sande kommune disponerer i dag ikkje industriareal her.
Det er i plansamanheng utlagt noko industriområde ved Coop-butikken.
Kvamsøya
Sande kommune disponerer i dag ca 10 da med industriareal.
Arealet er langt på veg opparbeidd, men med noko helling.
Ta gjerne kontakt for meir informasjon og synfaring!