Når blir Gjerdsvika hamn ferdig?

Når blir Gjerdsvika hamn ferdig?

 Mange lurer på når hamna i Gjerdsvika er ferdig og kan takast i bruk.

Ferdigattest

Sande kommune v/ teknisk sektor avslo i slutten av 2021 søknad frå Kystverket  om ferdigattest for sluttføring av arbeidet ved Gjerdsvika hamn. Søknaden om ferdigattest omfatta i hovudsak deponi syd, sjølve utdjupingsarbeidet i hamna og deponi nord.

Kystverket klaga på dette vedtaket og saka har vore til vurdering hos Statsforvaltaren. Klaga har ført fram og saka er sendt tilbake til Sande kommune for ny handsaming. 

Kva har vore gjort under bygginga?

Deponi syd og utdjupingsarbeidet i hamna har vore utført i samsvar med rammesøknad, medan deponi nord har fått ei fyllingshøgde som er vesentleg lavare enn det som er oppgjeve i rammesøknad frå Kystverket.

Den endelege høgda her er kote 2,8 m (sjøkartnull) medan på kart vedlagt rammesøknad var høgda oppgitt til kote 4,0 m (sjøkartnull).

Ferdigattest kan normalt ikkje vedtakast før det føreligg sluttdokumentasjon på at tiltaket er utført i samsvar med løyve og føresegn eller i medhald av plan- og bygningslova.

Status

Status no er altså eit avvik på 1,2 m og Sande kommune har vore bekymra for at oppfyllingshøgda i konstruksjonen  i deponi nord er i strid med sikkerheitsbestemmelsane i Plan- og bygningslova.  Desse bestemmelsane set krav om at konstruksjonar i strandsona skal ha ei minimum byggehøgde.

Ei godkjenning av søknaden om ferdigattest ville igjen kunne medføre at kommunen kunne verte pålagt å gjennomføre ei oppfylling av deponi nord til ca kote 4,0 m (sjøkartnull).  Det ville innebere ein kostnad på mange millionar kroner.

Statsforvaltaren har  gjennom si klagebehandling avklara at Sande kommune ikkje kan pålegge Kystverket konkrete krav til høgde på deponi.

 Dermed har ein fått ei viktig avklaring når det gjeld ferdigstillelse av Kystverket sitt arbeid i Gjerdsvika hamn.

Kva skjer vidare? 

Sande kommune v/ teknisk sektor skal såleis behandle saka på nytt og vurdere tiltak knytt til topplag og andre mindre forhold.  Det har blant anna vore noko støvplage då ikkje heile deponi nord har topplag som dekker utmudringsmassa.

Her finn du alle dokumenta i saka

Sande kommune

v/teknisk sektor