Mottak av flyktningar frå Ukraina

Mottak av flyktningar frå Ukraina

Pixabay Sande kommunestyre gjorde i går vedtak om å busette 50 personar som er på flukt som følgje av krigsherjingane i Ukraina.

Og Sande kommune har gitt tilbakemelding til myndigheitene om at kommunen kan ta i mot og busette desse. 

Husrom

Vi trur pr no at vi har nok husrom i form av kommunale og private bustadar. Vi veit imidlertid ikkje når eller kven som kjem til Sande. Det vi veit er at det er barn og kvinner samt ein liten andel eldre som er på flukt frå krigsherjingane i Ukraina.

Arbeidsgruppe i gong

Kommunedirektøren har sett ned ei arbeidsgruppa som skal prøve å legge godt til rette for flyktningane som kjem til Sande. I gruppa er alle tenesteområda representert, og vi vil nytte det etablerte tenesteapparatet for å få til ei god inkludering av dei som vert busett i våre bygdelag.

Frivilligheita - vår beste støttespelar

Som kommune er vi avhengig av frivilligheita når vi no skal busette personar som er på flukt. Barn og unge vil få eit barnehage- og skuletilbod, og dei vaksne skal få eit introduksjonstilbod. Desse tilboda vil gi ein meiningsfull dagsaktivitet, men vi veit alle at dei sosiale aktivitetane og møteplassane gjennom frivillige lag er ein svært viktig del av vår kvardag.

Vi vil difor alt no utfordre frivillige lag til å starte ein tankeprosess om kva mitt lag/ min organisasjon kan bidra med i arbeidet med å ta i mot og inkludere nye personar som kjem og busett seg i Sande. Ein umiddelbar og god tanke kan kanskje vere eit kor eller eit idrettslag – men å verte invitert inn i ein «strikkeklubb» eller ein «kveldsturklubb» kan også vere eit kjærkome tilbod for nokre!

Invitasjon til samarbeidsmøte vil kome

Når vi får ei betre oversikt over kven og kor mange som kjem ser vi føre oss å invitere frivillig lag og organisasjonar til eit samarbeidsmøte. Der vi kan dele meir informasjon og kanskje også samordne og fordele oppgåver og aktivitet.

Vi må alle vere medspelarar i ei slik situasjon!