Møt politiet på Larsnes onsdag 6.desember

Møt politiet på Larsnes onsdag 6.desember

Du kan vanlegvis treffe politiet  på rådhuset den første onsdagen i kvar månad. Dette har kome i stand etter arbeidet i Politirådet der politiet ønsker å vere nær lokalsamfunna. Politiet kan svare på spørsmål, gi råd og rettleie i ulike saker. 

Politiet - Klikk for stort biletePolitiet har kontordag på rådhuset ein dag i månaden.

Onsdag 6.desember er trefftida frå kl. 10.00 - 14.00. Vil du ha avtale med politiet utanom dette tidsrommet - ta kontakt med politiet på førehand ved å ringe 02800  eller direkte til Janne Garnes Nilsen  - tlf 92400577.

Om du ønsker å gjere avtale før du kjem, kan du det, men det er ikkje nødvendig. I dei tilfelle der politiet kan ha nytte av å førebu og innhente nødvendig dokumentasjon i forkant av møtet, vil det sjølvsagt vere nyttig at du varslar på førehand at du kjem.

 - På grunn av reiseveg, veit vi at det kan vere utfordrandre for enkelte å fare til politistasjonen i Fosnavåg dersom du ønsker å treffe oss for ein samtale fysisk. Derfor er det fint å vere til stades på Larsnes, seier Janne Garnes Nilsen som ønsker velkomen innom.