Merksemder til tilsette for lang og tru teneste i Sande kommune

Merksemder til tilsette for lang og tru teneste i Sande kommune

Sande kommune

Frå venstre:  Ingunn Thorseth Sjåstad, Marit Furnes Kobbevik, Janne Hauge Knotten, Elin Muren Rokstad, Anne Grete Kragset, Sølvi Rovde Hagen, Kari Johanne Skarmyr, Heidi Torset Skoge

På personalfesten på Breidablik fredag 30. september fekk mange tilsette overrekt gåver og merksemder frå ordførar Olav Myklebust.

Desse arbeidstakarane har fått tildelt KS sitt heidersmerke  etter over 25 års samanhengande teneste i kommunen:

Heidi Skoge Torset, adjunkt - 25 år tenestetid
Kari Johanne Skarmyr, einingsleiar - 26 år tenestetid
Sølvi Rovde Hagen, adjunkt - 27 år tenestetid
Anne Grete Kragset, adjunkt - 27 år tenestetid
Elin Muren Rokstad, informasjonskonsulent - 28 år tenestetid
Janne Hauge Knotten, helsefagarbeidar - 28 år tenestetid

 

Gåver til dei som har slutta:

I tillegg fekk dei som har avslutta tenestetida si i Sande kommune, også overrekt gåver. 

Ingunn Thorseth Sjåstad og Marit Furnes Kobbevik fekk Magnor skyline vasar for sine mangeårige teneste for kommuna, medan Beate Sandvik og Heidi B. Sandanger fekk Provence skål.

Ikkje alle hadde høve til å møte denne kvelden, men får overrekt  merksemda på annan måte. 

Sande kommune gratulerer alle med utmerkingane og takkar kvar enkelt for den arbeidsinnsatsen ein har lagt ned på arbeidsplassane rundt om i kommunen.