Kva bestemte kommunestyret?

Kva bestemte kommunestyret?

Sande kommunestyre var samla til ordinært kommunestyremøte den 7. mai.  Politikarane i Sande bestemte då mellom anna å utsette å ta i bruk Helseplattformen som nytt fagsystem for helse- og omsorgssektoren. 

Møtet vart strøyma.

Er du interessert i kva som vart debattert kan du finne opptak av møtet her. 

Du kan “skrolle” deg fram til det du er mest intressert i når du trykker på Play og dreg den att og fram i møtet. 

Under finn du alle vedtaka som vart gjort på møtet.

K-38/24 Open talarstol

Sølvi Rovde Hagen, styremedlem i Utdanningsforbundet Sande: arbeidsforholda til lærarar og barnehagelærarane i kommunen som ein konsekvens av innsparingstiltaka som er sett i verk.

K-40/24 Interpellasjonar

Interpellasjon frå Sande Arbeidarparti v/Sara F. Wiik: Fysioterapitenesta i Sande kommune: 
Vi hadde ei historisk hending her med fyrste innlegg på open talarstol. Dette var Kristine Rein, tilsett og tillitsvalt i fystioterapitenesta her i Sande. Ho fortalte om viktigheita av fysioterapitenesta i eit folkehelseperspektiv og bekymringa over forslaget om å kutte eit årsverk. Ho gav oss dessutan ei orientering om at det er svært lite pengar å spare, då ein får fastløntilskot på 240780 Nok på ei 100% stilling i tillegg til helfo-refusjonane. Difor vert det i praksis dyrare for Sande å omplassere ein av fysioterapeutane til pleie om omsorg, slik det er foreslått. 

Vi veit at eldrebølga er eit faktum. Og vi har allereie ifølge folkhelseprofilen større andel unge eldre enn landet generelt. Men det er mogleg å påverke helse og funksjon heile livet. Og det er til dømes anslått at så mykje som 40% av demenstilfella kunne våre unngått dersom ein hadde forebygd fedme og høgt blodtrykk ved til dømes å legge til rette for fysisk aktivitet, slik fysioterapeutane kan. Vi veit at helse om omsorg-tenestelova forpliktar oss til å tilby helsefremjande og førebyggande tilbod. Vi veit at Sande kommune ligg signifikant dårlegare enn landsgjennomsnittet på muskel og skjelettplager ifylgje tal frå folkehelseprofil. Oppvekstprofilen til Sande syner også at vi ligg  over landsgjennomsnittet på fedme og overvekt hjå barn og ungdom. Dette er også oppgåver som Kristine Rein gav gode planar på korleis dei ville jobbe med, med føresetnad om nok bemanning, der ho mellom anna nemner frisklivsentral, kvardagshabilitering og helsefremjande og førebyggande tiltak inn mot barn og unge.

Vi hadde det alle med i partiprogramma våre. Dette var viktig for oss. Vi skal vere glade for å ha så kompetente og flinke folk tilsett i kommuna vår som tek til ordet og hjelper oss politikarane å sjå det større biletet. 

Då vi stemte på budsjettet ville vi i Sande arbeidarparti gå for kommunedirektøren sitt forlsag, men med freding av fysioterapitenesta. Vi må sjå på andre løysingar til kutt, då dette ikkje vil gi betre økonomi verken for innbyggarar eller kommuna på sikt. 

 Sande Arbeidarpartid bed om at ein ved revideringa av budsjett reverserar kutt-forslaget og at vi held fram med å styrke fystioterapitenesta. 

 Svar frå kommunedirektøren:

Vi skulle nok alle i denne sal ha ønska at kommunen ikkje trengde å redusere nivået på tenestetilbod til innbyggarane, men realiteten er at vi ikkje har noko val.

 Det er ei kjennsgjerning at vi har langt større kostnadar enn vi har inntekter i kommunen, og det er veldig krevjande. Som kommunestyret ser av årsrapporten som er framlagt i møtet i dag, manglar vi 9,2 millionar kroner for å levere eit rekneskap i balanse for 2023. Resultatet vart -2,8% (0,2% frå å gå rett inn på ROBEK-lista). Desse millionane må dekkast inn over drift i 2024 og 2025. 

 Kommunedirektøren har difor satt i gang eit arbeid med å lage ei tiltaksliste med ytterlegare innsparingsforslag, som skal fremjast politisk i juni. Kommunestyret må nok må nok ta enda fleire tøffe val politisk, skal vi kome i økonomisk balanse.

 Til det heilt konkrete i interpellasjonen, om at det er dyrare å flytte på tilsette som dels er dekt av tilskot og brukarbetalingar til faste stillingar andre stadar i organisasjonen, så legg kommunedirektøren sjølvsagt til grunn at tilsette ved omplasseringar og endringsoppseiingar må gå inn i stillingar som allereie er vakante/ledige. Vi kan ikkje opprette nye stillingar for å flytte på tilsette i organisasjonen. Hadde vi gjort det, ville det som korrekt påpeika blitt dyrare for kommunen. Då hadde ei nedbemanning heller ikkje vore reell.

 Om vi skal trekke fram det gode, så leverer vi gode tenester i Sande kommune, i vertfall om vi måler det ut frå brukte kroner per innbyggar. Vi brukar meir pengar på både kommunehelseteneste og pleie og omsorgstenester, enn alle vi samanliknar oss med. I fylket er vi på lista over dei som brukar mest pengar desse områda, og då er kostnadsbehova våre i forhold til demografi tatt omsyn til. 

 Når vi legg det til grunn, så må vi nok i Sande kommune erkjenne at vi ikkje har økonomisk handlingsrom til å fortsette å levere meir tenester, enn kva andre kommunar tillèt seg å gjere.

 Det er både krevjande og smertefullt å redusere det nivået vi har lagt oss på, men vi er heilt nøydt til å ta alvoret inn over oss. 

 Når det er sagt, er det opp til kommunestyret både å bestemme kva vi skal redusere og kva vi skal auke av tenester til innbyggarane.

 Kommunedirektøren legg fram fyrste tertialrapport og innsparingsliste i neste møterekke. Der står ein politisk fritt til å bestemme kva grep kommunen skal ta, og kva grep kommunen skal unnlate å gjere. Men skal vi ta vekk innsparingar, må vi finne andre tiltak som kan dekke innsparingsbehovet tilsvarande.

K-44/24 Godkjenning av årsrapport og årsrekneskap 2023 for Sande kommune

Vedtak:

  1. Kommunestyret godkjenner årsrekneskap 2023 slik det ligg føre.
  2. Kommunestyret godkjenner årsrapport 2023 slik den ligg føre.
K-45/24 Søre Sunnmøre kommunerevisjon - endring av selskapsform

Vedtak:

  1. Søre Sunnmøre kommunerevisjon endrar organisering frå IKS til kommunal oppgåvefellesskap etter reglane i Kommunelova kap 19
  2. Søre Sunnmøre kommunerevisjon IKS vert løyst opp og eigendelar, rettar og plikter blir frå oppløysingstidspunktet ført over til oppgåvefellesskapet 
  3. Kommunestyret tek endringane til vitande og godkjenner utkast til samarbeidsavtale
K46/24 Alkoholpolitisk handlingsplan 2024 - 2028

Vedtak:

Sande kommune vedtek planen slik den ligg føre.

 

Det vert innført automatisk fornying av sals - og skjenkeløyver. Administrasjonen får i oppdrag å lage rutine for dette.

K-47/24 signering av tenesteavtale Helseplattforma

Vedtak:

Sande kommune utset signering av tenesteavtalen og vurderar å knytte oss på ved ein seinare høve

K-48/24 Val av meddommarar og skjønnsmenn for perioda 01.01.2025 - 31.12.2028

Vedtak:

Sande kommunestyre vel følgjande meddommarar og skjønnsmenn for perioda 2025 - 2028:

Skjønnsmenn, 4 stkKategori
Harald SætreEigedom, økonomi
Terje FollestadLandbruk
Silje Møller Ekroll Kommunal forvaltning
Bodvar HusøyEigedom, arkitekt

 

Jordskifterett, 1 utval 4 kvinner 4 mennKategori, kunnskap i
Tore HaugeFiske
Dagbjørn MyklebustJordbruk
Gudmund StavikJordbruk
Viktor HaugeFiske
Sunniva Nyhagen NupenJordbruk
Bente Krumsvik HideJordbruk
Janfrid Palma Gunnarstein RistesundJordbruk
Synnøve Brune Nystøyl 
  

 

 

Tingretten,  2 utval 3 kvinner 3 menn
Eli Rekdal
Kristine Pettersen
Stephani Brunstøl Garrido
Egil Johan Rovde
Magnus Hjelle
Sindre Slettestøl

 

 

Lagmannsretten, 2 utval 2 kvinner 2 menn
Kjell Martin Vikene
Olav Myklebust
Wenche Bjørkeng
Inga-Lill Øye Lännerholm