Kva bestemte kommunestyret?

Kva bestemte kommunestyret?

Sande kommunestyre var samla til både folkevaldopplæring og ordinært kommunestyremøte den 19. mars. 

For første gong i historia tok kommunestyret i brukt ordninga med “Open talarstol”.  Kommunefysioterapeut Kristine Rein var førstemann på talarstolen. 

Statsforvaltar, fylkeskommune og Distriktssenteret hadde på føremiddagen ein arbeidsverkstad med dei folkevalde om planarbeid i kommunen. Dei folkevalde fekk jobbe i grupper med ulike problemstillingar i tillegg til informasjonsbolkar om planlegging, økonomi, utfordringsbilete og status i Sande.

Etter arbeidsverkstaden var det ordinært kommunestyremøte der spørsmålet om Coop Marked Gjerdsvika skal få løyve til å selje alkohol når der ikkje er fysisk bemanning i butikken. Denne saka skapte god debatt i kommunestyret, og eit fleirtal på 12 representantar vedtok å innvilge søknaden. 

Møtet vart strøyma.

Er du interessert i kva som vart debattert kan du finne opptak av møtet her. 

Du kan “skrolle” deg fram til det du er mest intressert i når du trykker på Play og dreg den att og fram i møtet. 

Under finn du alle vedtaka som vart gjort på møtet.

Sak K-17/24 Open talarstol

Behandling

Kristine Rein, kommunefysioterapeut: Kuttforslag i fysioterapitenesta i Sande kommune

Sak K-18/24 Interpellasjonar
Sak K-19/24 Grunngjevne spørsmål
Sak K-20/24 Orienteringar

OS-02/24 Orientering om prosjektet ombygging Sandetun omsorgssenter v/byggeleiar Kjell Hauge. 

Vedtak

Orienteringar vart samrøystes tekne til vitande.

Sak K-21/24 Referatsaker

Vedtak

Referatsaker vart samrøystes tekne til vitande.

Sak K-22/24 Sande kontrollutval - Årsmelding for 2023

Vedtak

Kommunestyret godkjenner årsmelding 2023 for kontrollutvalet.

Sak K-23/24 Veteranplan

Vedtak

Sande kommunestyre vedtek vedlagde veteranplan slik han ligg føre.

 

Kommunen sin veterankontakt skal vere ordføraren.

 

Utgiftsdekning til felles veterankontakt med inntil kr 10.000.- pr år vert dekt frå ansvarsområde politisk styring.

Sak K-24/24 Justering av gebyrregulativet - nye husleigesatsar for bustadar eig av Sande bustadstifting og som vert forvalta av Sande kommune

Vedtak

Sande kommunestyre vedtek kr 10.061 pr mnd som ny husleigesats for nye/framtidige avtalar om leige av bustadar eigd av Sande bustadstifting og som vert forvalta av Sande kommune.

 

Sande kommunestyre gir kommunedirektøren fullmakt til å justere gjeldande gebyrregulativ i hht vedtak.

Sak K-25/24 Årsmelding for Råd for personar med nedsett funksjonsevne 2023

Vedtak

Sande kommunestyre tek årsmeldinga for 2023 for Råd for personar med nedsett funksjonsevne til vitande.

Sak K-26/24 Årsmelding for Sande Ungdomsråd 2023

Vedtak

Kommunestyret tek årsmeldinga for 2023 for Sande ungdomsråd til vitande.

Sak K-27/24 Årsmelding for eldrerådet 2023

Vedtak

Årsmeldinga for eldrerådet 2023, vert teken til vitande .

Sak K-28/24 Coop Marked Gjerdsvika - Endra salsløyve for alkohol i ubetent butikk

Vedtak

Sande kommunestyre vedtek å innvilge søknad

 

Det er opp til kommunen sitt frie skjøn å vurdere om løyve bør gjevast, og kommunens skjønsadgang er svært vid, så lenge avgjersla er gjort på eit sakleg grunnlag, jf. alkoholloven § 1-7 a.

 

Løyvet gjeld som ei prøveordning til 30.september 2024. Innan den tid skal ordninga evaluerast.

 

Her finn du alle sakspapira og møteprotokollen frå møtet.