Kva bestemte kommunestyret?

Kva bestemte kommunestyret?

Skal Sande vere med på innføring av Helseplattformen?  Og kva med saka om tvungen vassverk-tilknytning?  

Dette var to av sakene som tok mest plass på kommune-styremøtet tysdag 13.februar. 

Kommunestyret vedtok at  Sande kommune tek sikte på å innføre tvungen vasstilknytning frå 1.januar 2025,

Når det gjeld mottak av flyktningar i 2024 landa kommunestyremøtet på at vi skal busette 20 personar frå ulike land. 

Sande kommune garanterer med sjølvskyldnarkausjon for lån som Larsnes IL tek opp for å finansiere bygging av fotballhall i Vardane. 

Møtet vart strøyma

Er du interessert i kva som vart debattert kan du finne opptak av møtet her. 

Du kan "skrolle" deg fram til det du er mest interessert når du trykkjer på Play og dreg deg att og fram i møtet.

Orientering om Helseplattformen

Ei fyldig orientering om korleis Helseplattformen vil “arte seg”  når den eventuelt blir innført, skal danne litt av grunnlaget for den politiske saka om innføring av Helseplattformen i vår kommune. Det var leiar i helse- og omsorgsutvalet , Frode Bringsvor og sektorsjef helse og omsorg Jørn Velle Moldskred som stod for dette. Saka kjem opp på neste møterunde og det blir spennande å sjå kva som blir resultatet. 

Det kom også ein interpellasjon frå Camilla Auflem Vik -  Arbeidarpartiet om kompetanseplan. Denne  svara kommunedirektøren på.

Under finn du alle vedtaka som vart gjort på møtet.

PS 06/24 Orienteringar

01/24 Orientering om Helseplattformen

Vedtak: Orienteringar vart samrøystes tekne til vitande. 

Behandling: OS 01/24 Orientering om helseplattformen - orientering gitt av Frode Bringsvor, leiar i helse og omsorgsutvalet og Jørn Velle Moldskred, kommunalsjef helse og omsorg.

PS 07/24 Referatsaker

 

 01/24 Sluttrapport kompetanseprosjekt - MAFOSS 

02/24 Forventningsbrev frå Statsforvaltaren for 2024 

03/24 NIVI Rapport 2023:3 Interkommunalt samarbeid i Møre og Romsdal

 04/24 ROBEK - Inn- og utmelding og statlig kontroll 

05/24 Matjord og arealplanlegging i kommunene 

06/24 Utlysning av tilskuddsmidler - statsbudsjettets 916 post 60 støtte til kommunale fiskerihamntiltak 

07/24 Møteprotokoll - Sande kontrollutval - 08.02.2024 

 

Vedtak: Referatsaker vart samrøystes tekne til vitande.

PS 08/24 Sande kommune - Eigarskapsmelding 2023-2027

 Vedtak: Sande kommunestyre tek vedlagte Eigarskapsmelding Sande kommune 2023-2027 til vitande. Sande kommunestyre vedtek å vidareføre eigarskapet og eigarstrategien for dei ulike selskapa kommunen er medeigar i.

PS 09/24 Debattheftet 2024 Rom for gode tjenester

 Vedtak: Sande kommunestyre sender inn saksutgreiinga som innspel til KS Møre og Romsdal.

PS 10/24 Avtale om vertskommunesamarbeid mellom Ålesund kommune og Sande kommune for tenesteområde krisesenter

 Vedtak: Kommunestyret vedtek samarbeidsavtalen om interkommunalt samarbeid for krisesenter på Sunnmøre.

PS 11/24 Mottak og busettingar av flyktningar 2024

Vedtak:

1. Sande kommune vedtek å busette 20 flyktningar i 2024. Familiesameinte kjem i tillegg. 

2. Sande kommune har ikkje høve til å ta i mot einslege mindreårige utan følgeperson. 

3. For å kunne oppretthalde høg kapasitet i forhold til mottak av flyktningar i kommunen, er det tilgang til aktuelle bustadar i kommunen som er mest avgjerande.

PS 12/24 Husleigekostnadar for bustadar eigd av Sande Bustadstifting

Vedtak: 

Sande kommunestyre tek saka til vitande. Sande kommunetyre vedtek å finansierer mellomlegget i husleiga gjennom bruk av integreringstilskot.

PS 13/24 Søknad frå Larsnes IL om kommunal garanti for lån retta mot bygging av fotballhall

 Vedtak: 

Sande kommune garanterer med sjølvskyldnarkausjon for lån som Larsnes IL, org.nr. 975 508 358, tek opp for å finansiere bygging av fotballhall i Vardane. 

1. Kausjonen tek utgangspunkt i lånets hovudstol, men er avgrensa til kr 2.140.000,- med tillegg av 10% av til ei kvar tid gjeldande lånebeløp til dekning av eventuelle påløpte renter og andre omkostningar knytt til lånet. Det maksimale beløpet som det kausjonerast for er dermed kr 2.354.000,- som vert redusert i takt med nedbetaling på lån. 

2. Kausjonsansvaret startar 01.03.2024, og opphøyre seinastetter 20 år med tillegg av 2 år. dvs. seinast 01.03.2046. 

3. Det vert stilt som vilkår at utbetalt MVA-kompensasjon knytt til prosjektet går uavkorta til å dekke prosjektet sine låneforpliktelsar, slik at kommunen sitt kausjonistansvar kan opphøyre umiddelbart etter at lånesummen retta mot MVA-kompensasjonen er nedbetalt. 

4. Vedtaket om sjølvskyldnarkausjon er gjort under føresetnad om godkjenning av Statsforvaltaren etter kommuneloven § 14-19

PS 14/24 Kommunalt vatn i Sande - Vurdering om tvungen tilknyting

Vedtak: 

Ein tek sikte på å innføre tvungen tilknyting frå 1. januar 2025. NTM reviderer gebyrreglementet til budsjettet 2025

 

Her finn du alle sakspapira og møteprotokollen frå møtet.