Kursdag med mobbeombod Kristin Øksenvåg på Breidablik

Kursdag med mobbeombod Kristin Øksenvåg på Breidablik

Øystein Johansen og mobbeombod i Møre og Romsdal Kristin Øksenvåg Camilla A Vik  Interessant og viktig fagdag for tilsette i oppvekstsektoren.

Etter halvtanna år med koronarestriksjonar, nedstenging og digitale møte og kurs var det endeleg tid for ei fysisk kurssamling. Det var kursdag med mobbeombodet i Møre og Romsdal, der både skule, kulturskule og barnehage + PPT – i alt ca. 60 tilsette - var inviterte til å delta.

Kurshaldar Kristin Øksenvåg – mobbeombod i Møre og Romsdal – tok føre seg arbeidet med psykososialt miljø for borna/ elevane i barnehage og skule utifrå erfaringar i jobben som mobbeombod, føresetnader for eit trygt og barnehage- og skulemiljø og lovverket på området i praksis. Vi fekk oppleve ein opplagd kurshaldar som greidde å engasjere og trekkje med deltakarane – skulepersonellet før lunsj, barnehage etter lunsj.

Ein vellukka kursdag om viktige tema!

 Fagdag i oppvekstsektoren 21 Camilla A Vik