Krisepakke og kompensasjonsordningar til idrett, kultur og frvilligheit

Krisepakke og kompensasjonsordningar til idrett, kultur og frvilligheit


 

 Her finn du litt om krisepakke til idrett, kultur og frivilligheit

Frå 14. april kan frivillige lag og organisasjonar søkje om kompensasjon for korona-avlyste, utsette eller stengde arrangement. Då det er kort søknadsfrist, er det lagt til rette for at søkarane kan bruke tida fram mot 14. april på å førebu seg.

 

Over heile Norge har ein rekke arrangement innan idrett, kultur og frivilligheit vorte utsett, stengt eller avlyst. Krisepakka, ein stor kompensasjonsordning på ein milliard kroner, er meint til å avhjelpe situasjonen.

 

Det er no mykje klart for at aktørar som fell inn under ordninga kan søkje om kompensasjon for bortfall av inntekter frå billettsal og deltakaravgift, samt meirutgift som fylgje av at arrangement må avlysast eller utsettast på grunn av koronaviruset.

 

Det vert opna for søknadar den 14. april, men allereie no så ligg det mykje god informasjon, veiledning, spørsmål og svar på nettsidene til Lotteri- og stiftelsestilsynet og Kulturrådet, som forvaltar dei to ordningane.  Lotteri- og stiftelsestilsynet har den delen som rettar seg mot idrett og frivilligheit (inkludert kulturfrivilligheit). Kulturrådet har den delen som rettar seg mot kulturlivet.

 

Les meir om desse ordningane på deira sine nettsider www.lottstift.no og www.kulturradet.no

 

Søknadsfristen er 21.april 2020.