"Kreativ teikning" - kurs med Fabian og Sande kulturskule

"Kreativ teikning" - kurs med Fabian og Sande kulturskule

Mann - Klikk for stort bileteFabio Kreis https://fabisdesign-kids.com/

Oppdag kunst og design over heile verda saman med Fabian!

Kvar måndag kan barn få møte ei ny utfordring på ein leiken måte. I felleskap vil barna få teikne og måle og finne på ulike tema med mykje moro.

Elevane sine ønsker vil bli tatt omsyn til, og innspela vil bli til inspirasjon og nye kreative påfunn.

Bli med FABI og kulturskulen på ei eventyrlig reise med kreative utfordringar og mykje moro!

Kort påmeldingsfrist - innan 1. september.

Du treng ikkje vere ein teikneproff for å vere med på kurset. Det viktigaste er å skape og utvikle kreative idear i felleskap.

Fabian Kreis

har jobba i mange år som bildesignar i land som Tyskland, Spania, Japan, USA og Kina. På sine teiknekurs underviser Fabian i grunnleggande og kreative teikneteknikkar på ein leiken måte. Fabian si inspirerande undervisning vil gi elevane moglegheiter til å utvikle den ibuande skapargleda og uttrykksevna ved å oppleve meistring.

Fabian snakkar flytande engelsk, og er i gang med å lære seg norsk. Susann vil også vere til stades på kurset.
Du finn meir informasjon om FABI og prosjekta hans for born på: www.fabisdesign-kids.com

Om kurset:

Arbeidsmateriell vil bli utdelt på kurset. 

  • Stad: Gursken barneskule
  • Oppstart: måndag 4. september og held fram til 4.desember.
  • Tid: kl 16:30-17:30 (Med atterhald om stor påmelding.)
  • Kursavgift: 500 kr
  • Aldersgrense: frå 3. til 7. klasse.


Påmelding

innan 1.september til Susann.

E-post: susann.worren.hauge@sande-mr.kommune.no eller på mobil : 91 64 36 76