Besøk i Sande
Vi bed om at tilreisande - som kjem heim til påske - testar seg før ein reiser på påskeferie til Sande, og at ein tek test når ein kjem til kommunen.
- Sande legesenter har ope for testing kvar dag denne veka og måndag og tysdag i påskeveka. Ta kontakt på telefon 70026750 for å avtale tidspunkt på førehand. Opningstida på telefon er kl 8.30 -15.00
- Siste veka før du reiser på påskeferie, sjå til at du har så få kontaktar med andre som råd er.
- Test deg før du reiser.
- Pass på godt smittevern når du reiser.
- Dersom du kjem frå område med høg smitte bør du halde ekstra avstand (2 meter) til personar i risikogruppene.
- Test deg så snart som mogeleg om du trur du er smitta.
- Om du har symptom skal du vere heime og i ro.
Skulle det verte utbrot av korona-smitte i påskehelga vil det sjølvsagt vere testkapasitet og smittesporing tilgjengeleg om det er behov for det. Det håper vi å unngå!
Skal du på hytta/ fritidsbustaden din i påska?
I Sande har vi ikkje innført lokale forskrifter.
Kjem du på besøk til oss frå eit område med lokale forskrifter, skal du etterleve desse når du er på besøk i Sande. Det er elles slik at vi i Sande kommune fyl dei nasjonale råda og retningslinene som er gitt.
Påsketurar
Som dei fleste er klar over er smittesituasjonen i regionane rundt meir alvorleg, og ein håper sandssokningen ikkje besøkjer desse områda. Vi har mange fine turmål i vårt nærområde - bruk desse!