Klart for "Sommarles.no"

Klart for "Sommarles.no"

No er det klart for den digitale lesekampanjen "Sommarles.no". Frå 1. juni kan alle 1. - 7.klassingar i Herøy og Sande kommune vere med på Noregs kulaste lesekampanje, saman med barn frå heile Noreg.  Dei som skal byrje i 1. klasse til hausten kan også vere med. Kampanjen skal vare til 31. august.

"Sommarles.no" har vore ein stor suksess gjennom fleire år, og i fjor deltok over 164 000 barn. Målet med kampanjen er å motivere barna til å lese så mykje dei berre orkar i løpet av ein lang sommarferie.

Sommarles.no gjer det gøy å lese!

- Sommarles er ein digital lesekampanje på nettsida Sommarles.no. Barna lagar seg ein profil, registrerer alt dei les i kampanjeperioden og får XP (poeng) for kvar side dei les.

- Barna får tilgang til ei spesialskriven forteljing av forfattar Mari Moen Holsve.

- I tillegg til XP, kan barna også gjere seg fortente til digitale trofé og kule premiar som kan hentast på biblioteket!

- Sommarles.no er utvikla av Vestfold og Telemark fylkesbibliotek og Snuti AS.

Sommarles er for alle! Sommarles med lydbøker

NLB er eit bibliotek for alle som strever med å lese visuell tekst, anten det er dysleksi, ADHD eller nedsett syn som er årsaka. Alle kan ha glede av ei lydbok. For barn med dysleksi eller andre lesevanskar kan lydbøker gje leselyst, ei kjensle av meistring og moglegheita til å lese dei same bøkene som andre.

NLB har lese inn sommarlesforteljinga på bokmål og nynorsk. Lydforteljingane kjem på sommarles.no med eitt nytt kapittel kvar veke og er for alle som likar å lytte til ei god historie.

NLB har også tusenvis av populære og aktuelle lydbøker for barn og ungdom.

Sjekk utvalet og finn ut meir på nlb.no

 

Kontakt: Herøy folkebibliotek 94889342 / Sande bibliotek 48992148